Om oss

GJERTRUD OG SOLVEIG

Gjertrud og Solveig er oss, to garnentusiastar som er nyfikne på teknikkar og garn me ikkje har prøvd før. Det kan aldri bli nok garn, og me har aldri berre eitt arbeid på pinnane og i vevane. 

Gode vener i godt lag får gode idear. Makalaus Ull er resultatet av ein slik ide. Entusiasmen for garn og ull har alltid vore der, så trangen til å skape akkurat dei fargane me vil blei etter kvart stor. Omgitt av storslått vestlandsnatur er det lett å la seg inspirere, derfor ber garnet vårt namn frå garden Furdal og området rundt. 

Solveig eig og driv garnbutikken Vevnad som sel Makalaus Ull. Butikken ligg rett ved E39 på Heiane på Stord, mellom Haugesund og Bergen. Vevnad har også kursverksemd. 

Gjertrud jobbar til dagleg på aluminiumsfabrikk.